Fjorårets vinnar av VM, Anders Langeland frå Kristtornskogen fikk ein tøff start. Etter dei første 18 hola låg han på delt 14. plass med ein 68 runde. Frank Helge Raa, tangerte sin eigen banerekord etter dei første 18 hola (55 slag), og leda med dette med heile 4 slag til sin eldste pode, Ole Kristian Rå. Åge Faugstad låg på ein flott fjerde plass etter ein god 61 - runde.
Frank Helge og Ole Kristian følgde kvarandre tett heile vegen til hol 7, der Ole Kristian fekk ein dobbel bogey. Heretter "kruste" faren inn til ein enkel seier over sin eldste son. Den eldste Raa enda andre runden på sterke 58 slag.
Bakfrå kom Nils Asbjørn Telle og knalla til med 55 slag på dei siste 18 hola. Han enda på ein flott 4. plass. Lars Erik Løvaas spelte også godt dei siste 18, og sette ny banerekord på 54 slag.
Kobbeltveit Golf & Naturpark gratulerer Frank Helge som ny vestlandsmeister i Pitch & Put.
Alle resultat ligg i golfbox:
http://www.golfbox.no/site/tournament/result/showLeaderBoard.asp?grpNum=1