Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Senioturnering i dag med 2 Hole in One!

Seniortour 12.05.2018 - Klikk for stort bilde

Sotra GK arrangerte ein runde i Seniortour Hordaland i dag med heile 52 deltakere fra heile fylket. Været var bra, banen var strålande og alt toppa seg med to Hole in Ones – på det samme hullet, hull nr 3! Ekstra artig var det at begge spelarane kom fra samme klubb, Herdla GK: Jarle Kolstad og Kurt Idar Klaussen! 

Publisert av Terje Sivertsen. Sist endret 12.05.2018

Seniortour 12.05.2018 - Klikk for stort bilde

Kolstad trudde at han hadde ødelagt for seg sjølv da han fann ballen i hullet. Han hadde nemlig gått fram for å leite etter ballen, men den var søkk vekke. Han gjekk derfor tilbake og satte ein ny ball i spel. Da den første ballen vart funne i hullet, var han sikkert på at det var den nye ballen som var i spel. Turneringsledar (TL) vart ringt opp av ein av spelarane i gruppa bak som kunne fortelle kva som hadde skjedd. TL kunne dermed oppsøke den heller slukøra spelaren og fortelle at den originale ballen var hulla ut og at jo: Han hadde klart ein Hole in One! Då steig humøret betraktelig!

Seniortour 12.05.2018 - Klikk for stort bilde

Turneringa vart spelt i fire forskjellige klassar – to herreklassar og to dameklassar. I beste dameklasse var det fem deltakere og ein premie. Den gjekk til Margunn Norevik fra Sotra GK. I dameklasse B var det med tre deltakere og her vann Siren Bartnes fra Bergen GK. I beste herreklasse var det med 28 deltakere og det var 4 premier. Her vann Hjalmar Skomsvold framfor Sveinung Måkestad, Bjørn Fjeld og Arne Landro, alle fra Sotra GK! I klasse B var det med 16 deltakere og det var tre premier. Her vann Vidar Flatnes, Norsk senior golf, framfor Lars Reisæter, Fana GK og Terje Bartnes, Bergen GK.

Link til Resultatliste ->