Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Sartor Maskin får behalde gravemaskinene sine også i år!

sartor_maskin.jpg

På laurdag 15. september vart Sartor Maskin Open arrangert for femte året på rad. I år som tidligare år var det gravemaskinene som var det store samtaleemnet. Ville nokon klare å få HIO på hol 4 eller 9? Premiane for dette var ei gravemaskin til ein verdi på over to millionar kr på hol 4 og ein minigravar til ein verdi av 130.000 kr for HIO på hol 9. 


Ansvarlig Lars Erik Løvaas. Sist endret 28.09.2012

Det var mange spelarar som prøvde å nå greenen på hol 4 ( 246 m for herrane og 200 m for damene). Dei færraste kom seg over haugen, og ingen ballar klarte å finne vegen heilt frå utslaget til greenen på hol 4.


På hol 9 var sjansane større. Mange trefte greenen, men heller ikkje her var det nokon som skikkeleg ”trua” HIO-premien. Sartor Maskin får derfor behalde gravemaskinene sine til planlagt arbeid i dei kommande veker……

Veret denne laurdagen går inn i historiebøkene som av det ”labre slaget”. Med lett regn og relativ sterk vind gjennom nesten heile turneringa, var det mange våte spelarar som var glad då det heile var over.

Det var 40 spelarar som ville prøve seg på denne slagturneringa.
Linda Fjell frå Sotra vant relativt enkelt dameklassen med sine 77 slag.
Sverre Østervold Marcelius frå Bjørnefjorden vant herreklassen med 62 slag. Ganske imponerande score med tanke på at han slo seg ”out of bounds” på hull 5 på begge rundane.

Closest to pin konkurransen blei vunne av Trond Helge Dale frå Sotra. Linda Fjell og Lars Erik Løvaas vann longest drive konkurransane for damer og herrar.

Fullstendige resultat ligg i Golfbox. >>>

Takk til sponsor Sartor Maskin a/s for flotte premiar og spenninga dei kunne gje spelarane denne laurdagen i september.