Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Lars Erik Løvaas og Linda Fjell ble klubbmestre

Klubbmesterskapet 2012 vart avvikla i Sotra Golfklubb helga 25. – 26. august. Det vart spelt 2x18 hull på laurdag og 1x18 hull på søndag. Det var 36 kvalifiserte deltakarar i herreklassen og 8 i dameklassen.

Resultatliste herrer >>>
Resultatliste damer >>>


Publisert av Rikard Stokke. Sist endret 07.12.2012
Linda Celiann og Laila | Fotograf: Steinar Bauge
Klubbmestre 2012-Damer fotograf Steinar Bauge
Lars Erik Løvaas, Frode Øverli, Kent Ivan Knudsen og Marc Wyn Rogers | Fotograf: Steinar Bauge
Klubbmestre 2012-Herrer fotograf Steinar Bauge

Veret var heller dårlig på lørdag med regn og tildels kraftige regnbyer. Da regnet gav seg i kveldinga gjorde myggen seg sterkt gjeldande og det vart litt diskusjon om kva som var verst: Regnet eller myggen… Dette la ikkje noko dempar på spelinga og det vart spelt god golf. Etter den 1. runden låg forsvarande klubbmester Lars Erik Løvaas i delt leiing med Frank Helge Raa og Kent Ivan Knudsen på +4. Kent Ivan var på førehand rangert som nr 14, så dette var over all forventning. I dameklassen tok Linda Fjell eit solid grep om tittelen med eit forsprang på 8 slag til nr 2, Laila Fjell. Etter ein knapp times pause på klubbhuset, bar det ut igjen på runde nr 2.. Lars Erik forsatte det gode spelet og gjekk ein kanonrunde på +1! Overraskelsesmannen Kent Ivan Knudsen forsatte det gode spelet og gjekk sin 2. runde på +6. Bakfra kom Frode Øverli på +4 og desse tre låg i tet etter to rundar. I dameklassen gjekk Laila Fjell 9 slag betre enn Linda og dermed så låg dei nesten heilt likt før den siste runden.

Søndagen opp rant med sol og fint ver! Det einaste som gav litt utfordringar var ein litt sjenerande vind. Lars Erik var i førarsetet heile vegen sjølv om han gjorde det litt spanande undervegs med 4 over par på hull 14. Da vart leiinga brått krympa til eit slag. Men Lars Erik beheldt roen og med ein birdie, to par og ein bogey på dei fire siste hola vann han mesterskapet med ein margin på 4 slag på nr. 2 som vart Frode Øverli. Lars Erik forsvarte dermed tittelen og kunne titulere seg som klubbmester for 3. gang på rad! Kent Ivan sleit litt på dei første 9, men etter ein god sluttspurt så delte han han 3. plassen med proen i klubben, Marc Rogers!

I dameklassen hadde Linda eit gir til i forhold til Laila og gjekk seirande ut med eit forsprang på totalt 7 slag på Laila. Bakfra kom unge og lovande Celiann Kolltveit Tverlid og sneik seg forbi Laila med eit slag og kneip dermed 2. plassen!