Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Julie og Lars Erik ble Klubbmester 2013


IMGP8499.jpg - Klikk for stort bilde IMGP8505.jpg - Klikk for stort bilde Det var Julie og Lars Erik som klarte å holde hodet kaldt da det spisset seg til.

Julie Hovland ble klubbmester i dameklassen, 2 slag foran Celiann Kolltveit Tverlid. Avgjørelsen fallt på siste hull, og det var spennende for publikum som hadde samlet seg på hull 18.

Lars Erik Løvaas ble klubbmester i herreklassen, hele 8 slag foran Andreas Rolland. Det er fjerde året på rad at Lars Erik tok seieren.

Celiann sine 61 slag i runde 2 lørdag, er banerekord for damer.

Gratulerer alle!

Vergudane var på Sotra si side og vi fekk ei flott helg på golfbanen på Kolltveit! Spaninga før helga var om trippelmester Lars Erik Løvaas i det heile ville melde seg på. Det gjorde han – i siste liten!

Klubbmesterskapet går over 3 x 18 hull, med 2 rundar på laurdag og ein finalerunde på søndag. I dameklassen var det 6 deltakarar med dei to juniorane Julie Hovland og Celiann Kolltveit Tverlid som dei to store forhåndsfavorittane. Etter første runde laurdag hadde Julie allereie opparbeida seg eit forsprang på 9 slag på Celiann og det kunne virke som turneringa allereie var avgjort. Men: Celiann slo tilbake med ein kjempescore på +1 og ny banerekord i runde to! Julie spelte og bra, men ho kunne ikkje matche dette. Forspranget var no krympa til 3 slag og spenningen var tilbake før finalerunden på søndag. Etter 9 hull søndag var forspranget minka til 1 slag. Kunne Celiann klare det? Spelarane følgde kvar andre som skyggar inn, men til slutt var det Julie som trakk det lengste strået og avgjorde slaget om klubbmestertittelen med 2 slag!

Kampen om 3dje plassen sto mellom mor og datter Fjell. Etter runde 1 sto dei heilt likt. I runde 2 brukte Linda eit slag mindre enn mor Laila og ingenting var avgjort. Linda gjekk i leiarball (tetgruppa) med dei to juniorane på søndag. Ho vart så opptatt av matchen mellom desse to at heilt gløymte sitt eige spel. Dermed måtte ho til slutt sjå seg slått av mamma med heile 10 slag! Imponerande avslutning av senior Fjell!

I herreklassen var det 36 deltakarar. 27 av dei skulle kvalifisere seg vidare til finalerunden på søndag, så her var det og spenning om kven som skulle klare det. Trippelmester Løvaas har spelt brukbart tidligare i sesongen, men ikkje betre enn at dei var fleire som hadde eit håp om å slå han i år. Men så er det det der da med sirkushestar og sagmugg… Lars Erik slo til med +3 på første runden og standarden var satt. Like bak fulgte Andreas Rolland på +5 og Eirik Tverlid på + 6.  Det gjekk litt tråare for dei to i teten på andre runden (+11 og +10)  og forskjellen før søndag var redusert til 2 slag. Bakfrå kom dei fleire spelarar med betre score enn desse to på andre runden. Kunne det vere mulig å hente dei igjen? Men, Lars Erik er best når det gjeld og klinka til med ei +2 runde på søndag og feide dei andre bokstavelig talt av banen! Han vann til slutt med 8 slag på Andreas! Kampen om 3dje plassen var meir open, men til slutt var det outsideren Sveinung Måkestad som drog den i land med solid golf over tre rundar! Vi gratulerer!

Turneringsledar, startar og dommar var Rikard  Stokke. Han hadde ei lang, men trivelig helg med flott ver, god golf og eksemplarisk oppførsel av spelarane. Han vil og rette ei stor takk til Olaug Evanger for god og uvurderleg assistanse!

 Resultatliste klubbmesterskap >>>

IMGP8406.jpg IMGP8407.jpg IMGP8408.jpg IMGP8409.jpg
IMGP8410.jpg IMGP8411.jpg IMGP8412.jpg IMGP8414.jpg
IMGP8418.jpg IMGP8419.jpg IMGP8420.jpg IMGP8421.jpg
IMGP8424.jpg IMGP8425.jpg IMGP8426.jpg IMGP8427.jpg
IMGP8428.jpg IMGP8429.jpg IMGP8430.jpg IMGP8431.jpg
IMGP8433.jpg IMGP8434.jpg IMGP8435.jpg IMGP8436.jpg
IMGP8437.jpg IMGP8440.jpg IMGP8443.jpg IMGP8444.jpg
IMGP8445.jpg IMGP8446.jpg IMGP8447.jpg IMGP8448.jpg
IMGP8451.jpg IMGP8452.jpg IMGP8453.jpg IMGP8455.jpg
IMGP8457.jpg IMGP8462.jpg IMGP8463.jpg IMGP8464.jpg
IMGP8465.jpg IMGP8466.jpg IMGP8467.jpg IMGP8470.jpg
IMGP8471.jpg IMGP8473.jpg IMGP8474.jpg IMGP8476.jpg
IMGP8477.jpg IMGP8479.jpg IMGP8481.jpg IMGP8482.jpg
IMGP8483.jpg IMGP8484.jpg IMGP8487.jpg IMGP8488.jpg
IMGP8491.jpg IMGP8492.jpg IMGP8493.jpg IMGP8497.jpg
IMGP8498.jpg IMGP8499.jpg IMGP8504.jpg IMGP8505.jpg
Klubbmesterskap

Publisert av Olaug Evanger. Sist endret 28.08.2013